Velkommen til Seljord Personal

Seljord Personal AS er eit ressurssenter for arbeid og helse. 
Hovudoppgåva er å motivere arbeidssøkjarar slik at dei når sine mål. Dette gjer vi gjennom samtaler, kompetansekartlegging, arbeidstilpasning og jobbformidling med bistand. Vi legg og stor vekt på fysisk aktivitet og heilhetleg helseretta tenkning. Seljord Personal yter tenester til det lokale næringsliv og samarbeider med private og offentlege bedrifter i høve arbeidstrening og jobbformidling. På denne måten vert vi kjent med arbeidsøkjarane og kva ynskje og behov den enkelte har.
 

Les meir

Vi søkjer ein engasjert og kreativ medarbeidar for å bidra i vidareutviklinga av vår kafè 

Seljord Personal AS er en arbeids- og inkluderingsbedrift eigd av Seljord kommune. Vi leverer ei rekke kurs og tiltak, der NAV er vår største oppdragsgjevar. I tillegg eig vi selskapet Seljord Vev og Garnsenter, der vi driv Rokk Kafe. Totalt er vi ni tilsette og har mellom tretti  og femti arbeidssøkjarar hjå oss, til ei kvar tid. 

Les meir

Verdigrunnlag Seljord Personal

Seljord Personal AS er opptatt av at vi skal vera tydelege på kva verdiar vi sett høgt. Dette har vore drøfta i personalgruppa i prosessen med å lage ei personalhandbok og som resultatet av dette arbeidet har vi sett desse verdiane høgast. 

Kompetanse - Ansvarleg - Respekt – Truverdig

Desse verdiane er ein del av Seljord Personal sin styringspyramide.

I toppen av pyramiden finn vi Seljord Personal sin visjon: 
 

- Ein arena for utvikling

Les meir