• Om sogelaget
    • Om Seljord sogelag
    • Informasjon
  • Artiklar
    • Nyheter
    • Arkiv
  • Planlagte turar
    • 2020
    • 2016
    • 2017
    • 2018
    • 2019
  • Bilete
    • Seljord Sogelag
    • Biletkveldar
    • Seljord Bondekvinnelag
    • Bildeinnsamling
    • Foto arkiv
  1. Home
  2. Artiklar
  3. Nyheter

Litt informasjon frå Skriftstyret i Seljord Sogelag


Skriftstyret i Seljord Sogelag har fått mange positive tilbakemeldingar om innhaldet i siste årsskriftet Kultur og historie 2016-2017. Salet fram til 1. februar har vore svært godt. Tilbakemeldingar bl.a. frå Libris bokhandel i Seljord, tyder på at årsskriftet var den boka som selde mest i julehandelen (desember 2016) i Seljord og visstnok også i Vest-Telemark! 

 

Det er alltid artikkelforfattar som er ansvarleg for eigen artikkel, men medlemmene i skriftstyret delar på å lesa korrektur av språket i artiklane (både manus og ferdig tekst frå trykkeriet). Men me er varsame med å rette på forfattarens personlege språkstil, derfor kan det godt koma dialektuttrykk i teksten til dømes. Dette er vanlegvis ikkje noko problem, ofte kan det også variere språkuttrykket og vise språkleg rikdom – og elles uttrykkjer dette vår respekt for forfattarens eigen stil.

 

Me har fått to tilbakemeldingar om feil. Verken skriftstyret eller artikkelforfattarar er feilfrie, spesielt kan det vera krevande i større artiklar og i artiklar med stor mengde data å ha full kontroll på at alt er korrekt. 

 

Derfor ynskjer Skriftstyret tilbakemeldingar om du meiner å finne feil i artiklar, til dømes namn, datering og andre faktaopplysningar. På den måten kan me gi eit meir korrekt og sannare bilde av lokalhistoria. Retting vil evt. kunne koma i neste årsskrift. Skriv kort kva du meiner er:  1. Feil informasjon – og 2. Kva som er rett informasjon – og 3. Kor du har dette frå (referansar eller kjeldeopplysningar) – og 4. Send e-post til Skriftstyret i Seljord Sogelag: oddvidarrui@outlook.com

 

Skriftstyret vil gjerne at fleire skriv artiklar og tek med glede imot nye bidrag til årsskriftet, artiklar – men også tips om kjelder, gamle foto og idear eller temaforslag. Ta kontakt med ein i skriftstyret.

 

Seljord februar 2017

Skriftstyret i Seljord Sogelag

Anne Brit Borgen, Peder Lindhjem og Odd Vidar Rui


Copyright © Springbook 2016