Seljord IL er eit fleiridrettslag stifta i 1902 og har over 500 medlemar. Aktivitetane i laget er fotball, handball, ski, skiskyting, riding, friidrett og allidrett. Seljord IL har dei siste åra investert over 20 mill.kr i eit fantastisk ski-, aktivitet- og friluftsanlegg i Raudkleiv og ny kunstgrasbane med nytt friidrettsanlegg på Eventyrøy. Seljord IL har i 2025 femtiårs jubileum med matsal under Dyrskun og som i alle desse åra har vore «livsnerva» for aktivitetane i laget. Vi har nesten 1000 mann i sving med matsal for Seljord IL dei 3 Dyrskudagane. Dette utgjer totalt over 5000 dugnadstimar, der vi må leige inn nesten halvparten frå andre lag i øvre Telemark. Å auke andelen av eigne medlemar til Dyrskudugnaden for Seljord IL er eit satsingsområde for laget.