Resultatliste Sjøormløpet 2022

Last ned resultatlista her


Sjøormløpet 25. juni 2022

Sjøormløpet 2022 gjeng laurdag den 25. juni.

Start frå Seljord fra kl. 10. Løypa går vestover til Brunkeberg, Kviteseid og Vrådal. Fra Vrådal sentrum går løypa på nordsida av Vråvatn til Vråliosen. Derfra tilbake på sydsida av vannet til målgang på Straand hotell i Vrådal sentrum. Lengde ca 75 km.

Velkommen til årets utgåve av Sjøormløpet. Me fylgjer opp tradisjonen med eit løpsopplegg som ein kjenner frå tidlegare år. Det blir praktiske og teoretiske oppgåver på ulike stader i løypetraseen. Nytt av året er at det blir servert ein matbit undervegs og at ein har premieutdeling på Straand Hotel i Vrådal på ettermiddagen når deltakarane har kome i mål. Påmelding til løpet gjer ein ved oppmøte på Dyrskuplassen i Seljord på løpsdagen eller på Straand Hotel på fredagskvelden. Det blir ikkje lagt opp til førehandspåmelding i år.  450,- 

"TA GJERNE MED KONTANTER"

Det ser ut som det blir vanskelig med bankterminal, så da må me satse på kont og vipps.

 

Kontakt samarbeidspartner Straand Hotel på 35 06 90 00 eller straand@straand.no for gode tilbod på overnatting. 


Terminliste 2022

Møte- og aktivitetsplan for klubben i 2022 
Medlemsmøta vert halde i klubbhuset på Århus industriområde, Århusmoen 11. 

Terminlista er og lagt ut på heimesida til klubben. SMS-påminning vert sendt ut til medlemmer etter ønske. 

Våren 2022 

Laurdag 29. januar Årsmøte Seljord Hotell kl 17.00  avlyst

Fredag 4. mars Medlemsmøte hjå Tarjei, Olea Crøgers vei 8 kl 19.00 

Fredag 1. april Medlemsmøte Klubbhuset kl 19.00 

Fredag 6. mai Medlemsmøte Klubbhuset kl 19.00 

Fredag 27. og laurdag 28. mai Vårmarknad (Brukt- og delemarknad) Dyrskuplassen 

Laurdag 25. juni Sjøormløpet start fra Seljord fra kl 10, målgang på Straand hotell i Vrådal. 

Hausten 2022 

Fredag 2. september Medlemsmøte med evaluering av Sjøormløpet. Klubbhuset kl 19.00 

Torsdag 7. oktober Medlemsmøte Klubbhuset kl 19.00 

Fredag 4. november Medlemsmøte Klubbhuset kl 19.00 

Fredag 2. desember Medlemsmøte/julemøte Klubbhuset kl 19.00