Alle lag i turneringa får spele minimum 3 kampar med speletid 2 X 15 min. Dei fleste laga får 2 kampar laurdag og 1 kamp på søndag. Dei første kampane startar kl. 08:00 begge dagar. 

Klassene for 13 år, både for guttar og jenter, har i tillegg A-sluttspel.
Det er ikkje sluttspel i klassene fra 9 år til 12 år.

Alle kampar spelast på kunstgrasbanar eller naturgras ute, eller på kunstgras i Telemarkshallen.

 

Kampreglement

Frammøte
Spelarliste med namn og fødselsår på alle spelarane registrerast i Profixio. Innsjekking skjer 16:30 - 22:00 fredag ettermiddag/kveld cuphelga. Alle lag må sjekke inn til cupen. Det er vår kontroll med at laget faktisk møter opp på cupen.

Det er sekretariat på alle kamparenaene der ein kan henvende seg ved spørsmål rundt kampar, baneplassering etc.

Kamptid
Alle klasser : 2 * 15 min. utan pause, med sidebytte.

Puljespel i klassa 13 år
Ein spelar serie i dei oppsette puljene. Seier gir 3 poeng, uavgjort 1 poeng, tap 0 poeng.
Puljevinnerane går vidare til sluttspel som kampoppsettet viser. Ved lik poengsum blir laga rangert slik:
- Best målskilnad
- Flest scora mål
- Innbyrdes oppgjer
- Loddtrekning

Vinnaren i kvar pulje går til sluttspel. Og i enkelte klasser kan også ein eller fleire 2ar-lag gå til sluttspel i den grad det er nødvendig for å fylle opp ei kvartfinalerunde eller semifinalerunde. 

Begge cupane er avlyst

Sluttspel 
Det er sluttspel i klassene for 13 år. Slutspelet spelast som cup. I alle sluttspelkampar som ender uavgjort utanom finale blir kampen avgjort ved straffesparkkonkurranse. Straffekonk gjennomførast på eigen bane, etter normalt oppsett med 5 straffar per lag. Er det framleis uavgjort etter 5 straffar kvar tar kvart lag 1 straffe kvar til det er avgjort. Alle straffer blir skutt frå 8 meter, jamfør NFF's spillereglar for spel på 7'armål.

I finalane blir det forlenga speletid til eit av laga har scora, dersom det ved ordinær tid står likt i mål. Dersom ingen har fått mål etter 2*5 minutt (ikkje pause, men sidebytte), blir kampen avgjort ved straffesparkkonkurranse. Det blir ikkje spela bronsefinalar eller B-sluttspel.

Lag som ikkje møter til kamp
Om eit lag ikkje møter til fastsett tid og stad, blir resultatet 0 - 3 for det laget som ikkje møter.

Protestar
Protestar må leverast skriftleg i banesekretariatet seinast 15 minutt etter kampslutt. Lagleiar underretter dommaren fyrst. Protestgebyr kr. 400.- innbetalast saman med protesten. Gebyret betalast tilbake dersom protesten blir tatt til følgje.

Spelarliste / overårige
Ein spelar kan ikkje delta på meir enn eit lag i same klasse. Spelarliste med namn og fødselsår på alle spelerane leverast i Profixio innan første kamp. Laga har lov å ha med 3 spelarar i troppen som er inntil eit år for gamle i klassa. Berre 2 av desse har lov til å vere på banen samtidig.


Reglar 9erfotball
Turneringa fylgjer NFF sine reglar med eit unntak, grunna kortare kampar enn det som er vanleg i seriespel.

Dette unntaket er:

  • Det blir ikkje praktisert 5 minuttars utvisning på ein spelar som får gult kort.


Reglar 5ar og 7ar fotball
Turneringa fylgjer NFF sine reglar med viss unntak, grunna kortare kampar enn det som er vanleg i seriespel og lokal tilpassing.

Desse unntaka er:

  • Det blir ikkje praktisert å sette innpå ein ekstra spelar når kampen ikkje er jambyrdig.

 

Premier

Alle deltakarar får premie i form av Sommarland Cup-trøye. Laga hentar ut desse på klubbhuset på Sandvoll i løpet av lørdagen eller søndagen.

I 13-årsklassane får finalistane eigne premier. Desse blir delt ut rett etter kvar finale.
I finalane vil ein jury også kåre banens beste spelar, som vil få ein eigen, ekstra premie etter finalen.