Turneringssystem

Alle lag i turneringa får spele minimum 3 kampar med speletid 2 X 15 min. Dei fleste laga får 2 kampar laurdag og 1 kamp på søndag. Dei første kampane startar kl. 08:00 begge dagar. 

Klassene for 13 år, både for guttar og jenter, har i tillegg A-sluttspel.
Det er ikkje sluttspel i klassene fra 9 år til 12 år.

Alle kampar spelast på kunstgrasbanar eller naturgras ute, eller på kunstgras i Telemarkshallen.

KLIKK HER FOR KAMPOPPSETT

 

Kampreglement

Frammøte
Spelarliste med namn og fødselsår på alle spelarane registrerast i Profixio, eller leverast ved innsjekking av laget i Gullbring fredag kved. Innsjekking skjer 17:00 - 22:00 fredag ettermiddag/kveld cuphelga. Alle lag må sjekke inn til cupen. Det er vår kontroll med at laget faktisk møter opp på cupen.

Ved kamp melder laget seg i banesekretariatet seinast 15 minutt før kampstart. Det er sekretariat på alle kamparenaene.

Kamptid
Alle klasser : 2 * 15 min. utan pause.

Puljespel i klassa 13 år
Ein spelar serie i dei oppsette puljene. Seier gir 3 poeng, uavgjort 1 poeng, tap 0 poeng.
Puljevinnerane går vidare til sluttspel/mellomspel som kampoppsettet viser. Ved lik poengsum blir laga rangert slik:
- Best målskilnad
- Flest scora mål
- Innbyrdes oppgjer
- Loddtrekning

Vinnaren i kvar pulje går til sluttspel. Og i enkelte klasser kan også ein eller fleire 2ar-lag gå til sluttspel i den grad det er nødvendig for å fylle opp ei kvartfinalerunde eller semifinalerunde. 

Begge cupane er avlyst

Sluttspel 
Det er sluttspel i klassene for 13 år. Slutspelet spelast som cup. I alle sluttspelkampar som ender uavgjort utanom finale, vinn det laget som er tildelt flest hjørnespark i løpet av kampen. Er det fortsatt likt, avgjerast kampen ved myntkast i sekretariatet.

I finalane blir det forlenga speletid til eit av laga har scora dersom det ved ordinær tid står likt i mål. Dersom ingen har fått mål etter 2*5 minutt (ikkje pause, men sidebytte), vinn det laget som har flest hjørnspark. Hjørnespark fra heile finalen er gjeldande. Dersom laga har like mange hjørnespark, vinn det laget som har oppnådd siste hjørnespark. Dersom ingen lag har oppnådd hjørnespark i forlenga speletid, blir det myntkast i sekretariatet. Det blir ikkje spela bronsefinalar eller B-sluttspel.

Lag som ikkje møter til kamp
Om eit lag ikkje møter til fastsett tid og stad, blir resultatet 0 - 3 for det laget som ikkje møter.

Protestar
Protestar må leverast skriftleg i banesekretariatet seinast 15 minutt etter kampslutt. Lagleiar underretter dommaren fyrst. Protestgebyr kr. 400.- innbetalast saman med protesten. Gebyret betalast tilbake dersom protesten blir tatt til følgje.

Spelarliste / overårige
Ein spelar kan ikkje delta på meir enn eit lag i same klasse. Spelarliste med namn og fødselsår på alle spelerane leverast ved innsjekking av laget, alternativt i banesekretariatet 15 minutt før fyrste kamp. Laga har lov å ha med 3 spelarar i troppen som er inntil eit år for gamle i klassa. Berre 2 av desse har lov til å vere på banen samtidig.


Reglar 9erfotball
Turneringa fylgjer NFF sine reglar med eit unntak, grunna kortare kampar enn det som er vanleg i seriespel.

Dette unntaket er:


Reglar 7ar fotball
Turneringa fylgjer NFF sine reglar med viss unntak, grunna kortare kampar enn det som er vanleg i seriespel og lokal tilpassing.

Desse unntaka er: