Sjøormløpet 2010, lørdag 17. juli, start fra kl. 10:00

Sjøormløpet 2010, lørdag 17. juli, start fra kl. 10:00

Vest- Telemark Motorhistoriske klubb inviterar til den 27. utgåva av det tradisjonsrike Sjøormløpet for meir enn 30 år gamle bilar/MC den 17. juli 2010, start fra kl. 10:00. Årets løypetrasé er Seljord - Bø - Gvarv - Seljord, start og målgang er som dei siste åra Dyrskuplassen i Seljord. Som vanleg vert det postar med praktiske og teoretiske oppgåver undervegs.

 

Arrangøren oppmodar om at så mange som råd finn fram tidsriktig antrekk til sine kjøretøy då dette dannar ei fin ramme rundt det heile, både for deltakarar og publikum. Det vankar premie for dei med det mest tidsriktige antrekket. Det vert premiert i to klassar, motorsykkel og bil, premien for dei beste er rosemåla ølbollar. Alle som gjennomfører løpet vil få deltakarbevis i form av tresnitt. Laurdag kveld vert det halde festmiddag med premieutdeling på Morgedal Hotell.

 

Påmelding før 1. juli kan gjerast ved å sende startkontingenten, kr. 350,- til Vest- Telemark Motorhistoriske klubb sin bankkonto 2711.07.14802. Husk å oppgje namn, adresse, tlf., Bil/MC reg. nr., merke, type og årsmodell.

 

Påmelding etter 1. juli ved frammøte løpsdagen.

 

For meir informasjon kontakt:

 

Bjørn Arild Hagen tlf. 906 47 677 e.kl. 17:00 - barihage@online.no

 

Eivind Torsdalen tlf. 911 40 000 e.kl. 17:00  - eitorsda@online.no

 

 Forside
innside