Sjøormløpet 2007

Sjøormløpet 2007

Bilde

 

Årets sjøormløp, det 24 i rekka, talte ca 200 deltakarar som kom i kjøretøy av svært variert merke og årsmodell utvalg, frå T. Ford til ” moderne” 70 talls japanarar, her var alle velkomne. I vekslande vær, mest regn utover dagen, gjekk turen frå starten på Dyrskueplassen til Høydalsmo og vidare over til Øyfjell og Åmotsdal og så ned til Flatdal og målgang på Dyrskuplassen. Som dei tidlegare år vart deltakarane sendt ut i kvar sin køyreretning, slik at ein kunne møtast undervegs. Felles matrast vart det på Eva Bull Holtes museum i Åmotsdal. Løypa var i alt på ca 10 mil og inneheldt fem postar undervegs. Under premieutdelinga på Morgedal Hotell vart det dela ut tradisjonsrike rosemåla ølbollar til vinnarane.

Les meir