Mykje handel på Brukt- og Delemarknaden i år

 

bilde

Vest-Telemark Motorhistoriske Klubb og Dyrsku'n Arrangement AS hadde stort besøk på Brukt- og Delemarknaden i 2007.

Brukt- og delemarknaden gjekk av stabelen 19. mai i år. Sol og regn avløyste kvarandre men trass dette kom det mykje folk. Heile 2300 betalande var innom portane denne dagen noko som var ny rekord, den førre rekorden var på 2100 betalande. Me sette og rekord i utstillarar. 145 kom og stilte ut sine varer noko som er ei auke på 23 utstillarar. Alt i alt ein særs vellukka marknad. Me vil takke både utstillarar og publikum for godt oppmøte og vil samtidig ynskje alle velkomne tilbake neste år.
 

bilde bilde
Hjulkapslar av mange slag lagt ut for salg Her er det mykje å finne
bilde bilde
Denne karen fant seg eit sett med dekk Sildakongen tar seg ein kikk
bilde bilde
Kan ein få inn signal her, tru? Ei klovnedokke til salgs

Brukt- og delemarknad 2007

DYRSKUPLASSEN I SELJORD
LAURDAG 19. MAI 2007

bildeVi arrangerar for 8. år på rad brukt- og delemarknad i samarbeid med Vest-Telemark Motorhistoriske Klubb på Dyrskuplassen. Marknaden har blitt større etter kvart, i fjor hadde vi 122 salsbodar og 2100 besøkjande. Vi famnar breidt; unge og gamle, alle typar varer, profesjonelle og private, loppemarknad og auksjonar, antikvitetar og nyare ting. Vi har også eit hjørne med plass til dei som ynskjer å kjøpe eller bytte planter.

Våren er ei fin tid å rydde på, mange har loft, kjellarer og garasjar fulle med ting som ein kan få bruk for eller ikkje. Kankje er tida inne for å prøve å selje barnevogna som minsten har vokse ut av elller er det mogeleg å få kjøpe ein tråbil, her tru?

 

Sjå video

Les meir